Møte i pensjonistforbundet i Tørvikbygd torsdag 21. august kl 13:00

Pensjonistforbundet Tørvikbygd.
Ynskjer alle medlemer og til alle dykk som vurderer å verta medlem
velkomen til fyrste møtet denne hausten den 21.august 2025.
Møtestaden er hjå Hardanger AKS på gamle yrkesskulen i Steinsdalen.
Bedrifta har nyleg flytta frå Øystese til lokala i Steinsdalen med heilt nytt vaskeri og kjøkken. Ei viktig og god bedrift for personar med behov for tilrettelagt arbeid og arbeidstrening. Her får me ei orientering om bedrifta og ei omvising. For å kunna sjå bedrifta i produksjon må me halda møte på dagtid. Me samlar oss i private bilar og køyrer samla til Steinsdalen.
Tid: 21. august 2025 kl. 13.00 i Steinsdalen. Frammøte ved ungdomshuset kl.12.30 for felles avreise.
Stad: Hardanger AKS ( Yrkesskulen i Steinsdalen)
Program.
· Velkomen og song.
· Orientering om bedrifta. Omvising. Totalt ca. 1time
· Matøkt. Rundstykke og kaffi levert frå bedrifta
Saker:
1. Referat frå førre møte
2. Ny butikk i bygda. Helge tilbyr oss ei orientering om korleis butikken fungerer med betaling, låssystem og litt om kva butikken kan tilby. Er det interesse for dette?
3. Orienteringar.
Gå-/trimturar.
Plan for møte utover hausten.
Tilbakemelding frå turen til Flor og Fjære
Ny tur?
4. Pris 150,-
Påmelding til Sverre mob/sms 48 06 85 70 innan tysdag 19 august.
Arrangementet er støtta av Folkeakademiet i Kvam.
Mvh Styret.