Foto:

Bygging av grindabygg på Holmen på Augastadstølen

Tørvikbygd grendautval er i gang med eit nytt og viktig prosjekt på Holmen på Augastadstølen. Her skal det setjast opp eit tradisjonelt grindabygg som skal vera til fri bruk for allmenta – eit ope bygg der turgåarar og andre som ferdast i området kan finna ly for ver og vind, ta ein pause og eta nista si.

Grunnarbeidet er allereie påbegynt, og sjølve grindabygget er no under produksjon. Arbeidet vil halda fram utover sommaren. Bygget vert sett opp i tråd med godkjende teikningar .

Grindabygget får mål på bygget er ca. 6,0 meter langs nord–sør-retning (langside), medan breidda er ca. 4,0 meter langs aust–vest (gavl). Dette gjev eit oversiktleg og funksjonelt bygg som er godt tilpassa bruk i stølsområdet.

Det blir høve for bygdefolk og andre å bidra gjennom dugnad, særleg i samband med arbeid på vegger og tak. Me håpar mange vil vera med og bidra til eit felles løft for området.

Prosjektet har til nå fått økonomisk støtte, og me er svært takksame for tildelinga av kr 50 000 frå Sparebankstiftelsen Hardanger og kr 25 000 frå Sparebanken Vest. Meir middlar er omsøkt.

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.