Skule og barnehage i Tørvikbygd

Tørvikbygd barnehage fekk nye flotte lokaler for nokre år sidan, og ligg sentralt i bygda, i nærleiken av barneskulen. Den ligg tett på sjø, fjell og turområder, og nærmiljøet rundt blir flittig brukt. Det er 3 avdelingar, der 2 av desse er pr dags dato i bruk. Så me har god plass, og god kapasitet her i barnehagen.

Tørvikbygd barneskule er ein 1 – 7 skule som med sine flotte fasilitetar, er ein super plass for læring og sosiale opplevingar. Skulen ligg i sentrum av bygda og har store uteområder med muligheter for leik i både ballbinge, grasbane og diverse leikeapperater. Her kan elevane gå eller sykle til skulen frå store deler av bygda.


Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.