Foto:
Privat

Verdsmeister frå Tørvikbygd

Skøyteløpar Brynjulf Måkestad i Hardanger Skøyteklubb nådde det store målet om å verta verdsmeister også i klassen for menn mellom 70 og 75 år.

Meisterskapet Master Internasjonal Sprint Games Calgary – også kalla veteran-VM – gjekk føre seg i Canada i helga som var.

– Eg bestemte meg i midten av desember, seier Måkestad til HF.no

Då byrja han å trena til meisterskapet, og så deltok han i fire konkurransar før avreise.

Det vart eit kort og vellukka «comeback», fortel veteranen.

Men han har ikkje planar om å halda fram med å konkurrera.

– No har eg nådd alle måla mine, og eg kjem til å ta meg av ungane på trening i Hardanger, seier verdsmeisteren.(Ref Hardanger Skøyteklubb)

Bak seg har kvemmingen både gull-, sylv- og bronsemedaljar frå veteran-VM.

Måkestad vart dessutan dobbel olympisk meister i veteran-OL i 2015.

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.