Hardingsmolt
Foto:

Presentasjon av Hardingsmolt AS

Om oss

Hardingsmolt i Tørvikbygd er eit settefiskanlegg som får inn rogn, klekker denne til yngel og sender smolten vidare når den er 200-400 gram. Laksen er då ferdig smoltifisert og går i brakkvatn (me pumpar opp sjøvatn) hjå oss. I dag sender me den oftast vidare til våre lukka merdar på Fitjar for neste vekstfase, men me kan la fisken vekse opp til ein kilo i landanlegget også. Anlegget har røter tilbake til ein oppstart i 1986, men dagens organisasjon er frå 2006. Hardingsmolt AS er eigd av selskapa Kobbevik og Furuholmen Oppdrett frå Austevoll og Fremskridt Laks frå Bømlo. Dei to selskapa er hovudkundane våre, og me leverer laksen vidare til dei for ytterlegare vekst i merdar ute på kysten. Når fisken er klar for levering frå Tørvikbygd vert den frakta i røyr som går tvers under Fylkesveg 576 og ned til kaianlegget ved Solheim. Der kan brønnbåt leggje til og laksen vert flytta enten til Fitjar, Bømlo eller Austevoll. Avfall (fiskeslam) frå produksjonen vert samla og henta for levering til biogassanlegg.

Nokre ordforklaringar (henta frå intrafish.no)

Brønnbåt: Ein båt som er spesialbygd for å frakta levande fisk. Denne vert nytta både til transport av settefisk og slaktefisk.

RAS – recirculating aquaculture system: På norsk: resirkuleringsanlegg. Eit system for akvakulturproduksjon på land. Fisken vert produsert i ulike kar, og systemet består av ulike kar og kar størrelser, røyr, filter, pumper, sensorar og så videre. Vatnet vert rensa i eit biofilter og systemet har relativt lite vassforbruk. I laksenæringa er omtrent alle nye smolt-anlegg, RAS-system (før var det vanleg å bruke gjennomstrøymingsanlegg).

Yngel: Laksen vert kalla yngel i sitt første livsstadium etter klekking frå rogn.

Smolt: Laksefisk som har gått gjennom smoltifisering, og går frå å leve i ferskvatn, til å leve i saltvatn. I næringa vert begrepa smolt og settefisk brukt om ein annan, sjølv om ein settefisk strengt tatt er ein fisk som skal setjast ut i merd i sjø.

Settefisk: Ein settefisk kan vera ein postsmolt eller storsmolt, sjødyktig laks på typisk 200 – 500 gram. Tidlegare har settefisk vorte satt i sjø ved rundt 100 gram (mindre på haust, større på vår), men trenden dei seinare åra har vore å setje stadig større fisk i sjøen. Nokon firma har som mål om å auke gjennomsnittleg størrelse opp mot 500 gram. Fiskeridirektoratet definerer settefisk slik: «Settefisk er i akvakulturregelverket definert som rogn og fisk som produseres med sikte på overføring til andre lokaliteter eller annen type produksjon»

Kor mange ansatte er de og kva arbeidsoppgåver har dei forskjellige ?

I Tørvikbygd er me 23 tilsette, men i Hardingsmolt er det totalt 30 personar. Me er delt i to avdelingar med hovedvekta her på settefiskanlegget, men i tillegg driv me eit lukka anlegg i sjø på Fitjar der det er 7 tilsette. Arbeidsoppgåvene er svært varierte, spesielt her i Tørvikbygd. Å drive teknologisk smoltanlegg i dag er å drifte eit avansert system der vasskvalitet, teknikk og biologi heng tett saman. Derfor varierer oppgåvene våre gjerne frå røkting av fisk, vedlikehald og administrasjon, i tillegg til alt arbeid med å flytta fisk mellom avdelingar og operasjonelt arbeid når brønnbåten kjem og me leverer fisken vidare. Røkting av fisk inneber til dømes jamleg prøvetaking, måling av vekt og kondisjon, overvaking av miljøet fisk for å sikre at den har det bra og veks slik den skal.

Kva stillingstypar og kva utdanning treng ein for å jobbe i bedrifta ?

Driftsoperatørane har typisk oppgåver knytta til røkting av fisken, og driftsteknikarane følgjer opp at dei tekniske systema fungerer og at det vert gjort vedlikehald av dei. Me har ei vaktordning med bemanning på kveldstid/helg, kor me prøvar å ha utfyllande kompetanse på plass også då. Både driftsoperatørar og driftstekninarar deltek ved operasjonelle oppgåver som flytting av fisk. Dette gjer at ein sjeldan har ein lik dag. Av utdanning ynskjer med helst fagbrev innan akvakultur og havbruk for driftsoperatørar. Alle hjå oss har fagbrev eller jobbar med å få det. Me tek jamleg inn lærlingar og har i dag 4 personar i lære i Tørvikbygd innan akvakultur. På teknisk side ser me gjerne etter erfarne arbeidarar med fagbrev innan røyr, automasjon, elektro, bygg, mekanisk etc.

Har de planar om å auka opp bemanninga meir og eventuelt kortid ?

Som dei fleste sikkert har registert er det planert ut ei tomt ved sidan av dagens anlegg. Det er plan om vidare utbygging, men dette er ikkje endeleg avklart endå. Me vil truleg starte prosjekteringa i løpet av året, så innan nokre år (3-4 år) er det behov for ytterlegare tilsetjingar. Det vil nok utgjere rundt 5-10 nye stillingar. Neste byggetrinn er for å auka kapasiteten med brakkvatn, altså for å ha fleire kar og avdelingar der fisken har plass til å vekse større.

Kva kvalifikasjonar er de ute etter ved ny ansatte ?

I tillegg til ferdigstilt formell utdanning (eller viljen til å få det) treng me sjølvstendige tilsette med gode haldningar. Me er heldig som får lov å jobba med fisk som til slutt vert fantastisk god mat, men i dette arbeidet ligg det mykje tillit. Me må derfor vera flinke til å stadig verta betre og gjera tiltak for at fisken har det bra hjå oss.

Kan de eventuelt skaffa hus til nyansatte hvis noken vil flytta til bygda ?

Foreløpig har ikkje det vore ei problemstilling då alle tilsette er lokale eller innanfor kort avstand med bil i dag. Dei fleste som jobbar i Tørvikbygd bur her eller i bygdene rundt. For dei som er på natte- og helgevakt har me hyblar i administrasjonsbygget slik at dei søv på anlegget.

Engasjerar de deka i bygda iforhold til heilheiten med arbeid, miljø, oppvekst, tilflytting ?

Sjølv om me ikkje har direkte involvert oss i slikt arbeid, er me oppteken av at det er tilflytting til bygda. Bygda er absolutt attraktiv for både andre kvemmingar, tilbakeflyttarar og nytilflyttarar.

Er det vanskelig å få tak i kvalifiserte arbeidstakere i nærområdet ?

Det er ikkje alltid enkelt å få tak i kvalifisert arbeidskraft, men me er heldig og har svært flinke folk som bur lokalt. Ein viktig faktor er nok å kunne tilby gode læremuligheiter for unge, men me har tillegg ein vaktordning som dei tilsette trivs med.  

Har de noke formeining om Grendautvalet kan gjere noke for dekans bedrift som kjem både bygda og deka til gode ?

Grendeutvala kan gjerne levere eigne høyringsuttala og innspel til kommunale planar med tanke på næringsdrift i bygda og tilrettelegging av dette. Me er sjølvsagt interessert i at fleire også driv bedrifter med utgangspunkt i Tørvikbygd slik at me har eit godt nettverk av kompetanse å støtte oss på. Me er positive til all profilering av bygda slik at potensielle nytilflyttarar får eit innblikk i kvardagslivet her.

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.