Kvilebenk på turvegen rundt Stekkahovden
Kvilebenk i Stekka
Foto:
E.Måge

Opprusting av sti rundt Stekkahovden.

Tørvikbygd Grendautval arbeider med opprustning av turvegen rundt Stekkahovden. Målet med prosjektet er å utbetre turvegen, drenere vannansamlingar og gruse toppdekket. Turvegen er mykje brukt og  hadde stor trong for ei opprustning. Initiativet kom frå ein ivrig turgåar som lurte på om dette var noko Grendautvalet kunne vera med på. Grunneigarane var velvillige og Statsforvaltaren i Vestland var på synfaring. Me fekk løyve og kunne setja i gang prosjektet. Sparebanken Vest og Elsa og Svein Iversen legat har hjulpe oss med økonomisk stønad. Hausten 2022 har det vorte rydda skog og fyrste delen av turvegen er utbetra, frå hovudvegen  og ned til fyrste grinda mot Stekkavegen. Resten av utbetringa tek til når det vårast. Stien frå Stekka mot Dragshovden er endra. Når du kjem ut av skogen og møter dyrka mark, går stien no inn i granskogen opp mot Dragshovden. Dette er for å unngå trakk på dyrka mark. Endringa vil verta merka slik at det blir lett å finne rett sti. Me håpar  prosjektet er i mål til våren 2023, og at folk ynskjer å fortsetja og bruke den flotte turløypa. Det er og satt opp kvilebenk omlag midtvegs i turen.

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.