Foto:

AK Interiør

Kven og kva er AK Interiør AS?

Eg er Anne Karin Djupevåg -godt gift med Rune Djupevåg, stolt mor til 4, som alle 5 er mine næraste og finaste heiagjeng! Takk 🥰

I oppveksten "ombelerte" eg rommet mitt støtt og stadig, og irriterte meg over rot på andre sine rom.

Allikavel valgte eg fagbrev som Barne-og ungdomsarbeidar. Kvifor skjønte eg ikkje interessa før? Eg er jo fødd over snittet glad i å ha det fint rundt meg, og å skapa gode rom å leva i.

No er det ca eit halvt år sidan eg søkte permisjon fra jobben og våga ta steget mot draumen.

Angra eg? NEI!!

Eg reiser rundt både innom og utom heradet. Kundane står gjerne fast i sine interiør/eksteriør prosjekt, ser ikkje for seg løysingar eller treng hjelp før salg av bolig. Prosjekt/oppdrag som er for lite eller for stort har eg tilgode å møta på. Heima på kontoret teiknar eg og er kreativ, ser ting på nye måtar, og jobbar best i den kreative prosessen til tonane av jazz. 🎵🎷

Jobben er ferdig når kunden er nøgd.

Takk!! - til deg som har vore kunde.

          - til deg som står på listå over prosjekt eg skal starta på over ferien.

          - til deg som heiar, likar og deler.

De anar ikkje kor mykje det betyr i denna STORE til tider skumle, verden som gründer.

Ynskjer deka alle ein god ferie-hugs solkrem, og ta vare💕

p.s: Ikkje nøl med å ta kontakt, so finne me ut av da!

AK

AK Interiør

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.