Påskeharen var også på plass på "Påskespretten" i Tørvikbygd.
Foto:
Aud Chalotte Økland

Påskesprett i Tørvikbygd

150 gjekk påsketursti i Tørvikbygd

Dalheim Vel i Tørvikbygd arrangerte palmesundag «Påskesprett» i Dalheim. Det er ein tradisjon velet har hatt i fleire år, fortel Aud Charlotte Økland i ei pressemelding.

«Spretten» byrja med ein natursti. Spørsmål og oppgåver skulle løysast, og til slutt vart det kasta hestesko. 31 lag deltok, og det var kring 150 frammøtte, skriv Økland.

Då alle var attende, var det gulleggjakt for borna. Påskeharen kom hoppande og delte frå korga si. Det var sal av kaker og kaffi, og grilling på bålpanner.

Til slutt vart resultata av naturstien opplesne, og eit vinnarlag kunne reisa heim med eit gåvekort i lomma.

– Det såg ut til at stor og liten kosa seg i solskinet, skriv Økland.

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.